Etter ei grei reise landa eg, Benedicte og Ørjan (frå Tromsø) i Lilongwe onsdag 8. Oktober. Der bunkra vi opp godt med varer som vi tok med oss 210 kilometer nordover, til Nkhotakota (KK) der vi skal halde hus framover. Eg skal jobbe som rådgjevar i kommuneadministasjonen, Benedicte som Sjukepleiar og Ørjan som fiskeoppdrettsguru. Alle er tilsett ved ulike delar av Nkhotakota Distrc

Det er nærliggande for oss å samanlikne Nkhotakota med vår eigen kommunestruktur - i alle fall i oppbygging hvis ein ser litt enkelt på det. Det er i uansett på sin plass å presentere ei kort innføring i området: I min kommune, Naustdal er det omlag 3000 innbyggarar medan det i heile Nkhotakota er ca 314.000. I kommunesenteret bur det ca 20.000. Naustdal deler ein grovt inn i dalen, sentrum og fjorden. I KK har ein over godt over 500 landsbyar fordelt på seks hovudområder. Ein har høvdingar (”chiefs”) på kvart nivå samt ein hovud-høvding for heile KK. Alt vi bestemmer i kommunen må klarerast med høvdingane for er dei ikkje einige med våre planar vert ingenting gjort. Eg veit ikkje kor mange som er tilsatt i Naustdal kommune, men truleg er det ein god del fleire enn her i KK.
Stillingsbeskrivinga mi fortalte at eg skulle vere rådgjevar innanfor planlegging, utvikling og utdanning. Det kan jo bety svært mykje, så etter nokre dagar med avklimatisering var det på tide å starte opp og finne ut kva det ville innebære. Det viste seg at ”the evaluation and monitoring officer” nettopp hadde fått innvilga studiepermisjon og fordufta frå stillinga si. I administrasjonen hadde dei difor funne ut at eg burde vere kompetent nok til å fylle hans sko (sjølvsagt ingen handover eller opplæring frå den forhenværande). I alle høve vil det bety at skal overvåke korleis kommunen presterer i høve utviklingsplanen sin. Med andre ord vil eg etter kvartfå god kontroll over kva som skjer i kommunen. Her er eit lite utklipp frå data eg skal monitorere:
Legar per innbyggar: 1:80.000
Elevar per lærar i grunnskulen: 1:85
Elevar per klasserom: 98:1
Antall elevar per pult: 7-24, alt etter område.
% under fattigdomsgrensa: 65 %
HIV/AIDS rate: 14 % (2004).
Minutt å gå til næraste brønn: ca 32 minutt (her ser vi bort fra oss få som har innlagt vatn).
Som de kan sjå er det ein god del utfordingar å jobbe med. Jamfør kommuneutviklingsplanen vår er det årlige budsjettet på ca 40 mill NOK. Ca. 25 % av pengane får vi frå staten medan resten av pengane håpar kommunen at nokre snille ”donorar” skal komme med.. Det er mykje å ta tak i, men med godt humør går det meste – får vi håpe!!. I tillegg til dette skal mellom anna bistå den lokale ungdomsorganisasjonen med drift av ein Internett kafe som eg via Flora vgs/Hafstad vgs og Ungdommens Bystyre i Florø har vore med på å starte.

Denne veka er eg i Salima, nabodistriktet, kor alle einingsleiarane er på work-shop / teambuilding. I dag (onsdag) har vi vore ein tur innom hovudstaden for å ordne arbeidstillatelsar, siste del av Benedicte sin autorisasjon ++. Når eg kom tilbake til Salima var hotellrommet mitt, av ulike omstendigheter leid ut til nokre andre. Det viste seg at det var umulig å oppdrive andre rom i heile byen på grunn av fleire store konferansar. Eg sitt difor i skrivande stund på eit lite snuskete hotellrom i ein bakgård til ein pub som pumpar ut refrenget til sangen dei har spilt sju gangar på rad. Det er omlag 34 varmegrader og det er sjølvsagt ingen vifte på rommet mitt. Eg og kakerlakkane ser med andre ord fram til ei svett natt. Satser på oppgradering i morra.
Det er sjølvsagt andre ting enn jobb som foregår heromkring – så kan ikkje klage over at det er kjedelig. Første helga heiv vi oss med på musikkfestivalen ”Lake of Stars” – eit årleg arrangement som på ei palmebefengt strand ved Lake Malawi. Festivalpass kosta oss den nette sum av 350 kr,

Ellers forsøker vi å finne nye rutiner for å innrette oss best mogleg. På grunn av lyset og varmen legger vi oss tidlig og står opp tidlig. Avgrensa utvalg i butikkane gjør at ein må tenke nytt i matvegen. Det betyr for eksempel havregryn/frokostblanding til frokost seks av sju dagar i veka, bønner og ris (eller kylling og ris) til lunch fem av sju dagar i veka (ingen dag er fullkommen uten). Det er sjølvsagt andre moglegheiter, men vi har gått i fella på for det enkle. Middagen derimot legger vi meir prestisje i. Vi skifter på matlaging og kverker gjerne ei høne eller ei geit for å trylle fram delikatesser for å overgå kvarandre. Etter dagens handel i Lilongw har vi dessutan både pesto, smørost og fetaost med til kjøleskapet (dvs at dei andre har det med heim – eg er forlatt i snuskerommet mitt i Salima). Har ein pengar og transport kan ein få tak i det aller meste her også.
Andre rutiner er gjerne bas

Ok, vi får la dette halde for no. Må ha noko å skrive om ved ei seinare anledning også. Håper det står godt til i Norge. Skulle det vere noko les eg e-post jamnt (garfors2@yahoo.com). Ellers har eg telefon +265 9125069. Har du Skype konto koster det bare 60 øre minuttet å ringe.
Vh Øystein, Onsdag 29.10.08
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar