Forrige laurdag starta mekanikarane installeringa. Motorane som kvar veg ca 300 kg måtte sjølvsagt lossas og lastas manuelt (sjå bilete). Samtidig driv vi med tilsetting, maling og anna forefallande. Alle må bidra - inklusive Benedicte som maler skilt og båtar. Forhåpentligvis er alt tipp topp i løpet av nokre dagar - så då blir det sjøsetting til veka. Men før vi kan starte fisket må vi få godkjenning av både marine department og fisheries department + køyre inn motorane. Optimistiske Garfors håper på fisk i trålposen seinast innan to veker!
Oppi det heile har vi siste veka hatt besøk av ein delegasjon frå Florø som saman med meg og Olsen har hatt lange møter morgon og kveld. Vi har komme i mål med vidareføring av både FK programmet inn i siste runde + det såkalte MIC programmet. Beni vore ein uunnværleg "designated driver" rådgjevar og guide for alle mann. For nokre dagar sidan vart vi også onkel og tante til 6 kvalpar.
Ikkje kjedeli i alle fall. Vh Øystein