lørdag 15. november 2008

15. November 2008

Har nok ein gang vore på work-shop i nabodistriktet Salima. Forrige gang var einingsleiarane i kommunen samla for å finne ut korleis vi som kommune kan jobbe meir som eit team. Dei tre siste dagane var eg der sammen med fire andre distrikt for å få med oss siste nytt i HIV/Aids utviklinga i landet. Kone og hundar måtte vere igjen i KK for å passe huset, men generøs som eg er greide eg å ordne både Benedicte og Ørjan eit gratis-rom frå fredag til laurdag. Salima ligg omlag 130 km sør for KK litt inn i landet frå innsjøen – klimaet er eit par grader varmare enn i KK så det er ein varm og klam plass, spesielt i månadane før jul. Forrige. Etter ein betre frokost greide vi å bli sånn passe solbrente før vi stakk tilbake til heimen vår.

HIV/Aids konferansen vår i og for seg ei svært interessant affære. Det var lagt opp til eit tettpakka program - der ulike undersøkelsar om risikogrupper, risikoområder, atferdsdata etc vart lagt fram. Ei av dei mest utsatte gruppene i landet er noko overraskande Lærarane. Eg måtte sjølvsagt spørre kvifor. Svaret er todelt; I grisgrendte strøk er lærarane blant dei med høgast inntekt og høgast status - dei er difor ettertrakta som partnarar, og dei mannlege lærarane har råd til å betale litt for å få seg litt. I byane derimot strekk betalinga ikkje til - så for å få betalt nødvendige utgifter må ein god del kvinnelege lærarar spe på inntekta si for å få ting til å gå rundt. I snitt er 24 % av lærarane i grunnskulen HIV positive, og med ein gjennomsnittleg lærar/elev rate på 1:73 ser det ikkje heilt lyst ut for lærarane. Kvinnelege sex arbeidarar har heller ikkje noko lystig framtid - av desse er heile 71 % smitta. Stay away! Dei sjuke i vårt distrikt har jo eit par fortrinn som ein ikkje skal kimse av. For det første har vi eit splitter nytt sjukehus her (sjå bildet til venstre) og for det andre så jobber det ein jævlig bra sjukepleier som heiter Benedicte der.

Ellers har vi kjøpt bil sidan sist. Sjølv om både eg og Ørjan har fått oss ein Motorsykkel kvar av kommunen til lokalt bruk er det veldig greitt å vere litt meir mobil. Bilen er også tryggare enn å vere blant 17 passasjerar i ein nedslitt Toyota Hiace som snittar 123 km/t på grusvei... Bilen er ein 2001 Toyota Condor. Er registrert for å ta ni personar (i alle fall 5 voksne og 4 dvergar), er i topp stand og heva for å betre framkommeligheta med tanke på regntida som starter i december. Vi gleder oss til regnet begynner å kjøle oss litt ned. Litt lei av å legge oss til å sove i 31 varmegrader om kvelden... Ellers kan eg meddele at vi ikkje har slått på TVen vår endå. Det burde jo vere eit godt teikn. Vh Øystein og Beni.


Ingen kommentarer: