tirsdag 15. september 2009

Nokre bilder frå Nkhotakota

SISTE NYTT FRÅ FRONTEN:
1. Familien Garfors/Olsen har fått 6 nye medlemmar - eller er det sju? I tillegg til at "Mini" no har fått ungar fann Beni ein forlatt kvalp med knekt bein som ho tok heim i går. Sistemann vert truleg avliva hos "vetrinæren" - dei andre har vi allerede gitt vekk.

2. Benedicte er straks på veg heim til Norge igjen. Vi markerte det med middagsselskap og fest i

hagen vår. Geita "Konrad" RIP 11-9-09 (viktig å vite kva ein et - så derfor måtte vi sef namngje geita to dagar før hans død. ) passa på at dei nærare 40 gjestane fekk eit fortreffelig måltid. 3. Som de kan sjå - så syntes alle at geit var godt. Ikkje kvar dag det blir bydd på gratis mat og drikke. Minimum tre forsyningar per mann - men det var framleis mat igjen.

4/5. Ovanfor ser de Captain Oystein and Benedicte på Jomfrutur med "Kamobe 1". Motorane tikkar fint og skuta er nesten ikkje lekk lengre. Håkon og Rebecca som er på besøk måtte sjølvsagt også vere med på jomfruturen.

6/7/8: Farmor til Benedicte - Oddlaug Grønli - markerte 90 års dagen sin ved å dedikere gavene til Mlera sitt arbeid for å hjelpe OVCs (orphans and voulnerable children). Mellom anna kom det inn klede og leikar. Her deler Benedicte ut klær til ein av dei. Tilsaman 115 born har fått klede frå Oddlaug:-) Ovanfor poserer dei utanfor det nyopna hovedkvarteret til Mlera Aids Support Organisation.

Elllers har vi alle det bra. Onsdag er Beni sin siste dag i Nkhotakota - då drar vi for ein ti dagers tur til Mozambique for å jobbe med brunfargen hennar (ellers vil ingen tru at ho har vore i Afrika), snorkle med kvalhai, surfe litt og slappe av etter nokre hektiske siste veker her.

Deretter er det berre nokre stakkars veker til Garfors takker for seg og følger etter heim.

Beklager dårlig redigering av oppsettet.

God høst til alle!