onsdag 27. mai 2009

Nkhotakota - Mozambique - Norge - Nkhotakota

I jobben min må eg levere rapportar frå "fronten" til diverse ministerium kvart kvartal. Etter å ha svetta med tredje kvartal gjennom april månad fann eg ut at ein ferie var vel fortent. Eg følte at timinga var bra; i mai var det presidentval så då ville jo mykje stoppe opp eit par veker. I tillegg såg ting bra ut i høve oppstart av trålselskapet. Når eg sjå tilbake på ein svært bra ferie, men på dei andre områda er utviklinga ingenting eller lite. Velkommen tilbake til Nkhotakota:-)

Ferien til Norge via Mozambique og Sør Afrika kan vi ta i korte ordelag: Jævlig bra! For å spe på litt til kan eg fortelle at turen var eit resultat av eit ubrukelig reisebyrå. Egentlig hadde eg ein gratis billett tilbake til Norge - og etter å ha savna vennar og familie nokre månader fann eg ut at den burde brukast. Etter kvart viste det seg at billetten ikkje kunne endrast, og eg måtte dermed koste turen heim sjølv. Billigaste løysing var å fly med Turkish Airlines, berree 4000 kroner ein veg til Florø. Einaste problemet var at flyet ikkje gjekk frå Malawi, men frå Johannesburg i Sør Afrika. Løysinga var 55 timar på dårlege vegar med buss, overfylte Toyota Hiacear eller ved haiking. I mellom til tider lange etappar (som 17 timar i ein overfylt blikkboks/rullande diskotek av ein buss), vart det sjølvsagt brukt nokre dagar på nydelige strender, dykking med hai, delfiner og havskilpadder, bølgesurfing, pisspreik med bra folk, drikking av øl og fråtsing i fantastisk sjømat. Etter Mozambique vart det ein snartur gjennom Sør Afrika for deretter ta 20 kjappe timar på fly for å møte Benedicte. Det var som forventa stor suksess. Hadde også stor glede av å møte vennar, familie og å få sjå litt "orntlig" natur igjen. (Bilde 1: Tofinho surfepoint i Tofo Mozambique. 2: Kokkelering i Tofo)

Presidentvalet i Malawi betydde i realiteten at folk kunne stemme på den noværande presidenten Bingu, eller John Tembo. Tembo var tidlegare høgre hand til diktatoren som styrte Malawi fram til 1994, og enkelte rykter fortel at han hadde god kontroll over sikkerhetspolitiet som fekk folk til å forsvinne på mystisk vis denne tida. Bingu er 75 år og Tembo 77 gammal. Med andre ord lang fartstid. Men når ein skal tilsette folk må ein sjå på meir enn berre fartstid. Kva med f.eks. tidlegare resultat og arbeidserfaring? Ser ein på Malawi sin status som eit av verdas ti fattigaste land fortel jo det sitt (spesielt når både Bingu og Tembo har vore med i ein mannsalder). Enden på visa var i alle fall at Bingu vann med over 70 % av velgarane. Observatørar fortel at valet har gått orntlig føre seg og det verkar som folk er nøgde - det er jo forholdsvis uvanlig i denne delen av verda. Det er no i alle fall eit lyspunkt. Ser ein tilbake på valkampen kan ein skjønne at Bingu fortsatt sit ved makta. Valkampen har vore eit stort sirkus stort sett fokusert rundt Bingu og hans person. Med sin store neve godt planta i statskassa har Bingu køyrt kampanjar over heile landet i lang tid. Eg har ved fleire høve møtt på kolonna hans med bussar, campingbilar, 5 nye svarte, Hummerar, politi og militæreskorte, portable storskjermar og PA anlegg og stor ståhei. Bingu er også mannen som har den største kleskolleksjonen i landet. Overalt kor eg har vore finn ein kvinner og menn med Chetenger, hodetørkle, T-skjorter, bilar og syklar med hans emblem eller ansikt på. Frå Tembo har ein høyrt heller lite (utanom skriveri i avisene) men det heng nok saman med at desse partia har økonomi av ein heilt anna kaliber. Vi får uansett ønske Bingu til lukke og takke Norge som er ein av dei største bistandsyterane til statskassa i Malawi. Utan denne backinga hadde det nok vore meir Bingo for Bingu (Bilde 3: transport mellom Maxixe og Tofo i Mozambique 4: Bingu på besøk i Nkhotakota under valgkampen).

Trålredar på deltid. Med tilslag på lån på tilsaman 7,5 mill kwatcha og alle papir signerte rekna eg med at ting ville gå meir eller mindre av seg sjølv medan eg var vekke. Faktisk rekna eg med å komme tilbake for å finne båtmotorane i landet. Det måtte sjølvsagt vere nokre fleire skjer i sjøen. Denne gangen var skjeret banken - Oportunity Internatinal Bank of Malawi - som ein skulle tru ville jobbe med oss, ikkje mot oss.

Frå lånet vart innvilga i mars, har det tatt om lag fem veker for å få pengane frå banken sin konto til vår konto. Deretter har det tatt fire veker å få 20 % av pengane frå Malawi til firmaet i England kor vi bestiller motorane frå. Vi har no jobba i nesten to veker for å få dei til å overføre resten. Det er heilt ubeskrivelig kor vanskelig ein så enkel operasjon skal kunne ta. Alle desse transaksjonane hadde gått i løpet av tre dagar i Norge. Her må ein signere store bunkar med papir, assistert av bankpersonale som aldri har gjort slikt tidlegare. I tillegg må ein søke til Reserve Bank of Malawi for alle banktransaksjonar. Det heile vert også meir komplisert fordi leverandøren har hatt negative erfaringar med Afrika tidlegare. For min del har det vore svært frustrerande - spesielt sidan eg har vore ute av landet (noko som av og til har gitt meg lyst til å bombe heile Malawi). Det er sjølvsagt ikkje vondt meint av banken vår at det tar så lang tid. Dei er vant til korrupsjon, risikoen får å tape pengar, eit ufattelig byråkrati og at det er viktig å ta ein pause i arbeidet av og til. For eigen del må eg berre innsjå at norsk effektivitet ikkje passer inn. No skulle eg kanskje avslutta med eit ordtak om tolmod... (Bilde 5: Trålkollegaene mine Amos og Josephe ute for å høyre på presidenten då han vitja Nkhotakota)

Ellers? Hadde besøk av først Gunnar så Mamma Ruth Berit, Kersti og Åsmund rundt påsketider. Fekk vise dei rundt i strøket, noko som gjer at dei får bilder på ein del av tinga eg kjem til å mase om framover. Dei hevder at dei hadde det bra! (Som sagt har vi to soverom ledige - og vi pleier å like besøk. Bestill billett!).... Ferien min var som sagt heilt super, men eg må innrømme at det var bra deilig å komme "heim" til Nkhotakota igjen. Benedicte kjem rekande nedover igjen om to veker og eg ventar også mykje besøk framover. Pga ny jobb i Florø vert heimreisa forskjøve til slutten av oktober, ca ein mnd før planen. Sidan eg har blitt involvert i Trål-industrien her nede kjem eg nok til å reise tilbake nokre gonger for å følge opp - så Nkhotakota blir nok second home away from home ei stund til framover.

Øystein