lørdag 13. desember 2008

13.12.08. Litt om jobb og fritid.:

Benedicte har skreve ein del om kva som skjer på jobben sin. Eg og Ørjan pleier å spøke om at vi bare er ho som gjer noko fornuftig. Når vi møtes i lunchen fortel ho at ”idag har eg operert ein brokk, knekt på plass ein arm og hjelpt til med eit par keisersnitt ”. Vi som har vore i eit møte og skreve litt på ein rapport føler av og til at det vi driv med er meir eller mindre meiningslaust i forhold.
Benedicte har vore nokre dagar på ”major theathre” (store operasjonssalen) denne og førre veke. Mykje gode historier om blod og gørr i lunchen. Men det beste er at mellom kvar operasjon så heng alle sjukepleiarane og medical officerane over ei datamaskin, i kø for å spille ”donkey kong 2”:-) Tenkte å fortelle litt om mitt "meiningslause" arbeid: Som monitoring and evaluation officer skal eg liksom ha kontroll over alt som skjer i kommunen. Kort fortalt går det på å få alle avdelingane til å jobbe etter klare mål og indikatorar, slik at vi kan måle kor bra dei presterer i forhold til planena som er satt opp. Ut frå dette skal eg lage rapportar som skal til to av departementa (ministry of local gouverment og ministry of economical planning and development). Skal ogsaa reise rundt i felten for aa sjekke status paa ein del ting.. Desverre fekk eg ingen ”handover” frå min forgjenger – heller ingen opplæring frå nokon andre. Det har med andre blitt ein del prøving og feiling og frustrasjonar. I tillegg til at eg er i eit nytt land, i ny jobb og ein anna kultur så er det i hovedsak tre ting eg har ”plagast med”:
1. Rutiner: For det første er det ikkje rutinar eller deadlines for rapportering innad i kommunen. Avdelingane hadde heller ingen klare malar for korleis dei skulle rapportere. (har etablert ein m&e komitee + distrubert mal til avdelingane).
2. Ressursar: Langt fra alle har datamaskiner (det er sjølvsagt ikkje nettverk i kommunen – og berre 5-6 datamaskiner som har internett). 100 % av datamskinenen er fulle av virus, og dei bryt jamnt saman med innhald. Takk og lov for at det meste framleis går på papir, gjerne handskrive. Som om ikkje det skulle vere nok så har veldig få av oss budsjett til tellerskritt til telefon, papir, toner til printer eller bensin til transport. Saa det er ikkje berre Naustdal kommune som har trange kaar... hehe.
3. Å få tak i folk: Sidan kommunalt ansatte har lunken betaling frister det veldig ofte å reise på møter og kurs kor dei kan få ”allowance” (=betaling for oppmøte). I tillegg er jo folk mykje ute i felten. Mykje av tida mi blir brukt til å jakte på folk og informasjon. Har heldigvis fått utdelt ein motorsykkel (må sjølvsagt betale for bensin sjølv) som er til god nytte både her og når eg skal ut på ”inspeksjonane” mine.

Alt i alt er vel mine frustrasjonar mikroskopiske, i alle fall i forhold til den virkeligheten Benedicte må forholde seg til. Men det er her som det er heime – ein må ha noko å klage over. Om ikkje anna så har eg lært ekstremt mykje på kort tid. Får sakte men sikkert oversikt over det meste som skjer om utvikling i Nkhotakota. Håper eg får bruk for det i Trival pursiut eller noko slikt seinare.. En vanlig dag er vi på jobb ca 0730 og heime litt over kl 17. Skal seiast at vi har halvanna time lunchpause – noko som kjem godt med då vi berre har ein god time til med dagslys når vi er ferdige. Kulturtilbodet i NKK er så godt som ikkje eksisterande, med mindre ein går på pub eller horehus, så kveldane vert vi stort sett heime. Har innarbeidd pokerkveld på tirsdagane, ellers vert det og trening eit par dagar i veka. Ut over det har vi ein del bøker og medbragt underhaldning på laptopane våre. Behovet for å gjøre noko aktivt melder seg derfor sterkt kvar fredag ettermiddag.

I dag (laurdag) føler eg meg litt snytt, sidan planen var å spille golf på ei golfbane som ligg ca 60 km nord for oss. Men eg vart plutselig dømt til å sitte på verandaen heime i styrtregn – kor eg skriv blogg medan lyn og torden fær over oss... Golf bane i Malawi høyres kanskje rart ut, men det er eit svært sukkerrafeneri i nærleiken – der direktørane har funne ut at dei må ha noko å drive med. Så dei har likegodt satt opp ei flott 18 hols golfbane, tennis- og squasjbaner i sin private lille ”club”. Som Muzungos (”kvitingar”) vart vi sjølvsagt inviterte til å få gjestemedlemskap i klubben deira. .. Forrige helg var vi på turné sørover i landet. Var innom den tidlegare hovudstaden Zomba kor vi hadde møte med nokre ekspertar på akvakultur. Stakk deretter til Cape Maclear, ein fantastisk flott ”badelandsby” der vi fekk snorkla i verdas største akvarium - lake Malawi. Har ei lang liste over bra plassar vi har lyst å reise til, så reknar med at bilen vår skal få køyrt seg bra. Som sagt er den registrert for ni (det betyr at det går minst 17 malawiere i den), så vi har plass til selskap om nokon skulle finne på å komme ein tur sørover. Frå London koster det ca 6500 kr t/r Lilongwe.

Trur eg har skreve nok i dag. Legg heller ved nokre fleire bilete. Håper uværet snart gir seg. Blir nok ikkje sørpe-golf i dag, men kanskje ein snorkletur i innsjøen? God helg i alle fall.
(bilder: fra oeverst: 1. tordenskyer utanfor porten vaar, 2. Regn!! 3. Kingori er pokerkongen 4. Cape Maclear 5. Akvarium/lake Malawi.

Ingen kommentarer: