tirsdag 30. desember 2008

God jul og godt nyttår

De har sikkert fått med dykk ”siste” skrik innafor avlatsgåver; Symbolske geiter, høns, grisar eller tre frå Redd Barna, Kirkens Nødhjelp etc går som varme kveiteboller. Gåvene er symbolske, fordi dei tre hundre kronene du betalte ikkje automatisk vert overført til eit halsband rundt halsen på geita som fortel ”god jul, helsing familien Olsen”. Mesteparten går framleis til administrasjon til organisasjonane (men stakkarane må jo også få si beskjedne utanlandslønn, samt bensinpengar til å køyre rundt i sine 2008 modell Toyota Landcruisarar med 4,2 liters V8 motor). Uansett, avlatsgaver er jo tross alt betre enn mesteparten av det ein vanligvis finn under juletreet. Så eg, Benedicte og Olsen fann no ut at vi også skulle hive oss på ”avlatsgåve-bølga". Gaven til familiane våre (og litt til DEG også sjølvsagt) var:

300 kilo maismel, 150 kilo ris, 30 kilo sukker, 30 kilo bønner og fisk,(Sidan det tross alt var jul, fekk dei også): 3 kasser brus, 80 pakker kjeks, 300 sukkertøy og 3 fotballar.

Dei heldige mottakarane vart ein barneheim med foreldrelause barn ca 6 km unna der vi bur. Indikatorar (som er mitt fagfelt) på matsikkerhet fortel at det kjem til å bli matmangel frå januar til mars/april. Vi kan ikkje gjere allverden med matvaremangelen, men fann ut at det ikkje ville skade å gjere kvardagen betre for nokre få utvalgte. Første del av julegaven er overlevert, og borna (og dei frivillige som jobbar i Mlera Aids Support Organisation) vart VELDIG glade. Resten av gåva sprer vi ut over dei tre neste månadane. Administrasjonskostnadane dekker vi sjølvsagt sjølve.

Så no kan både vi og de nyte restane frå ribba, kolerabistappa og akevitten med verdas beste samvittighet.

Har invitert nokre få til festivitas heime på "gården". Vert grilla geit og singstar konkurranse. Ørjan sneik seg til å kjøpe ei rakett medan vi var i Lilongwe i går - muligens Nkhotakotas einaste? Uansett, Ha eit steikje godt nytt år!!

Vh Øystein og Beni.

Ingen kommentarer: