fredag 21. august 2009

Motorane kom endelig "heim"

Etter lang tids kamp har Linga Commercial Fishermen and Boatbuilders endelig fått motorane sine "heim". Som sagt tidlegare starta historia i mars då vi fekk innvilga lån i OIBM Malawi. Etter ein lang kamp for å få pengane overført til UK pga mangel på utanlandsk valuta i Malawi + diverse andre beynderlige forsinkelsar landa motorane i Nkhotakota fredag 7. august kl 2105. Vi måtte ikkje vente mindre enn to fulle dagar ved diverse kontor, samt bestikke to personar for å få ordna dokumenta for å få henta ut motorane fra flyplassen(kva gjer ein når ein har reist 25 mil med innleid lastebil - har venta to dagar og blir forespeila å komme tilbake etter helga og kanskje vente tre fire dagar til?).

Forrige laurdag starta mekanikarane installeringa. Motorane som kvar veg ca 300 kg måtte sjølvsagt lossas og lastas manuelt (sjå bilete). Samtidig driv vi med tilsetting, maling og anna forefallande. Alle må bidra - inklusive Benedicte som maler skilt og båtar. Forhåpentligvis er alt tipp topp i løpet av nokre dagar - så då blir det sjøsetting til veka. Men før vi kan starte fisket må vi få godkjenning av både marine department og fisheries department + køyre inn motorane. Optimistiske Garfors håper på fisk i trålposen seinast innan to veker!

Oppi det heile har vi siste veka hatt besøk av ein delegasjon frå Florø som saman med meg og Olsen har hatt lange møter morgon og kveld. Vi har komme i mål med vidareføring av både FK programmet inn i siste runde + det såkalte MIC programmet. Beni vore ein uunnværleg "designated driver" rådgjevar og guide for alle mann. For nokre dagar sidan vart vi også onkel og tante til 6 kvalpar.

Ikkje kjedeli i alle fall. Vh Øystein






Ingen kommentarer: