tirsdag 30. juni 2009

The Office (Malawi version):

Sjefen min kom full på jobb i dag - det gjer han for så vidt støtt – så det er ikkje noko nyhet. Det som var litt annaleis i dag var at det var ca 8 månadar sidan sist han har spurt meg om noko som helst. Ikkje at det er noko savn sidan det er eg sjølv som planlegg arbeidsdagen i samråd med dei avdelingane eg til ei kvar tid jobbar saman med. I dag hadde han i alle fall fått nyss i at eg nyleg hadde fått meg eigen sekretær – så han var innom for å briske seg litt og fortelle for ein stor kar han var og vise at han var min sjef.. Det gjekk sjølvsagt ganske dårlig sidan han for det første var full, for det andre viste han ikkje kva han snakka om og for det tredje det at underteikna har liten respekt for fulle autoritetar. Han tusla no i alle tilfelle ut med halen mellom beina.

I tillegg forsøker eg som kjent å jobbe meg fram som ”trålredar”. Det har vore mykje oppoverbakke – og vi er slett ikkje framme endå. Nokre av utfordringana dei siste vekene er m.a at vi har vente vekesvis på å føre pengar ut av landet pga mangel på forex (utanlandsk valuta). Dette lammar forøvrig store delar av næringslivet i heile landet. Ei anna artig lita sak er at den lokale fiskerisjefen pluss assisterande fiskeriminister for Malawi har funne ut at dei vil kaste oss vekk frå lokalene vi har fått låne av dei i to år. For ei god veke sidan fekk vi kniven på strupen og vart bedt om å starte flyttinga omtrent omgåande. Argumentasjon om det ikkje det var jobben deira å støtte fiskeriutvikling i Malawi og ønske om støtte no i oppstartsfaen falt for døve øyrer. For oss verka det som ein maktdemonstrasjon på bakgrunn av at vi ikkje hadde vore villige til å ”smørre” dei. Vi vart sjølvsagt litt paffe av dette, men fann ut at det var her esset måtte leitast fram frå frå bunken. Det har seg nemlig slik at vi kjøper fiskeutstyret vårt av ei bedrift som er eig av fiskeriministeren (bør korrupsjonslampa begynne å lyse no?). Vi har difor vore i dialog med han... Løysinga var difor å skrive ei anke på bortvisinga retta direkte til han med kopi til dei to andre. Det førte til eit møte med han no søndag ettermiddag kor ei rekke ting vart ordna. For det første hadde meinte han at at det var departementet sin jobb å stimulere til utvikling av slik type fiskeri vi var i ferd med å starte. Han lova oss deretter å både å få bli i lokalet minst eit år til pluss vederlagsfritt samt importavgift-fritak på båtmotorane samt lovnad om vidare støtte.. Så kva er lærdommen her? A) Det er bra at det finst nokon som er interessert i å utvikle fiskeriet i Malawi, ikkje berre å fylle eigne lommer. B) det gjeld å kjenne desse c) at ein må vere ein sta jævel for å starte business i Malawi. Kva er så moralen her? Moral - Kva slags moral?

Har ellers vore på nokre workshops dei siste par vekene. Når eg og alle andre offentlige ansatte skal på kurs/konferanse er det viktig at ”settinga” er riktig: a) Vi kjem selfølgelig med eigen sjofør. Å ta offentlige transportmiddel er bannlyst for oss ”civil servants”. B) Får å ”kjøpe” vår committment leier arrangøren, (som oftast staten eller ein eller anna hjelpeorganisasjon) dei finaste hotellene/konferansehallane i landet. C): Samlingane leggast stort sett alltid til eit nøytralt område, slik at alle får ekstra reisegodtgjersle og borte-allowance. Har merka meg at det er spesielt mykje pengar involvert når vi skal lære om HIV/AIDS: Ikkje uvanlig med hotellrom til 140 dollar samt meir enn dobbelt lønn gjennom allowancen og tre retters lunch og middag oppå det heile. Fint og flott for dei som får dra, men ein kan jo spørre om det ikkje finst billegare måtar å redusere Hiv/aids-raten i Malawi på? La meg til slutt tilføre at på siste workshopen som omhandla ”gender mainstreaming” brukte vi siste halve dagaen på å lage ein konkret arbeidsplan på tiltak vi ville sette i verk i ettertid av det vi hadde lært. Dette saman med at det sjølvsagt ikkje vart ei auke i budsjettet fekk kollegane mine til omtrent til å knekke saman i latter. Rammetilskotet dei to avdelingane (Social Welfare og Community Development ) får kvar månad, ca 2000 Nok held jo nemlig berre knapt til strøm og vannrekninga til kontoret. Å tru at vi kunne auke aktiviteten utan auka budsjett var jo som å tru på julenissen. Så tenkt deg litt om neste gang den søte uskyldige nabogutten kjem på døra di for å samle inn pengar til dei fattige i Afrika – det kan godt hende at mesteparten av pengane havnar i kloa på Garfors eller kollegane hans.

Det er ikkje meininga mi å framstille ting i eit dårleg lys, men min personlige praksisteori heimanfrå gjer jo at eg reflektert over ting som er litt annaleis. Historiene ovanfor er bare eit lite glimt av ein "normal" kvardag i Malawi – og ikkje noko å lage oppstyr over. Mykje må ein trekke på smilebandet av, men eg vert sjølvsagt også litt oppkava og forbanna innimellom. Foreløpig har det meste gått over etter ein god tallerken med bønner og ris til lunch – og sitt det verre i går det i alle fall over etter ein joggetur etter jobb saman med ein kald ”green” på verandaen:-)
Ellers? Alt er framleis bra og eg har ikkje lengta heim ein einaste dag (sorry alle sammen) etter eg kom tilbake fra Norges turen min. På heimefronten har ”familien” vore på ein fortreffelig weekendtur til Nkhata Bay og slikka sol og bada. Benedicte har også hatt besøk av naboen sin, Jeanette Kvammen i snart to veker - så då er det på tide å vise fram noko av det flotte Malawi har å by på (og det er langt meir enn korrupte byråkratiske offentlege tilsette). Medan eg var på workshop i Salima stakk Beni og Jeanette på fire dagars safari like over grensa til Zambia. Dei har kryssa av elefantar, løver, krokodiller, flodhester, hyener, leopard og pokker veit kva anna. South Luangwa som parken heiter er reine jungelboka – og skal visstnok vere ein av dei bedre parkane i Afrika. I skrivande stund er Benedicte framleis i Lilongwe for å skysse Jeanette heim. (At Jeanette hadde det så bra at ho glømte å ta flyet heim i dag er forsåvidt ein anna story). Samtidig har no foreldra til Ørjan + ei tante komme på besøk – forøvrig ein svært trivelig bande – så han er litt til og frå og rundtomkring. Kjekt med besøk som slit ut altanen vår. Neste vi tar imot er Torunn og Torgeir som kjem i slutten av Juli. Gleder oss til det. Sidan huslyden (eg, Beni og Ørjan) har funne ut at vi snart skal heim og at det er ei lang liste med plassar som må besøkast og ting som må gjerast vil sjølvsagt alle besøkande få køyrt seg. Aktivitetsferie i helgene og dugnad for å ta igjen jobbane våre i vekene. Når benedicte no kjem tilbake held ho fram på male-ward på distriktsjukehuset. Verkar som ho har det litt betre der både med tanke på oppfølging (av ein av distriktets to legar) og sidan ho slepp å høyre barneskrik dagen lang.

Ø, Nkhotakota

Ingen kommentarer: