fredag 27. februar 2009

Februar

Sidan Sputnik har lagd ein sang om Zanzibar så følte vi det var obligatorisk med ein tur dit. Etter lang tids planlegging fann vi ut at vi skulle køyre eigen bil til Dar es Salaam – og ta ferje derifra. Det såg jo ikkje så langt ut på kartet. Torsdag 12. Februar gjekk vi hardt ut frå Nkhotakota med opptil fleire nybrente bil-cdar. I løpet av dagen kryssa vi grensa til Tanzania og ”slo leir” i eit forblåst vegkryss ca halvegs framme. Fredag kveld, etter litt meir enn 24 timar i bil nådde vi Dar Es Salaam. Dagen etter bar det lukt til Zanzibar med fergebåt medan Benedicte nynna på sputnik-sangen. Kort fortalt gjekk turen knirkefritt og på vegen fekk vi sjå både elefantar, giraff, zebra og noko anna rask. Kanon.

På Zanzibar var vi ein dag i Stonetown. Kjekt å vere i siviliserte strøk etter gammalt, og ikkje minst var det herleg å sjå sjøen og å ete sjømat. Etter fem månader med bønner og ris var smaksløkane våre heilt i ekstase – medan magen hadde fest. Andre dagen fekk vi også med oss ein snorkletur kombinert med eit besøk på ”prison island” der vi møtte nokre hyggelige kjempeskilpadder som det ikkje var lov til å sitte på. Ikkje at vi hadde tenkt til det heller.. Etter middag drog vi vidare til Nungwi som ligg på nordspissen av øya – som lokka sidan det skulle vere beste plassen for å snorkle og hekke på stranda. Det viste seg å vere riktig. Kilometer med kremkvite strener og turkisblått hav. 29 grader i vatnet, god sikt og mykje fisk. Heilt fint å slå i hel litt tid her. Zanzibar er også ein del dyrare enn andre stader i Afrika, så å svi av litt pengar går heilt fint. Vanskelig å finne noko til under 40 dollar natta. Greidde ein ikkje å bruke pengane opp på mat og drikke var det alltids ein hasjrøykande liksom rasta-masai innan rekkevidde med både trefigurar og jallasmykker. Øystein gjekk sjølvsagt berserk i desse bodene. Ingen av oss er spesielt flinke til å ligge i ro på strands, så etter tre-fire dagar med sol og snorkelpusting var vi igjen klare for å bevege oss. Vi tok to netter til i Dar kor vi shoppa litt, pimpa opp bilen og såg tv på hotellrommet:-) For turen heim satt vi av tre dagar slik at det skulle bli tid til litt meir enn bare å sitte pal i bilen. Vi vurderte ein safari, men sidan ein såg såpass mykje dyr frå bilen var det egentlig ikkje noko vits i å betale ekstra for det. Som vanlig etter ein tur var det godt å komme heim til trygge og stille Nkhotakota.

I Nkhotakota var det framleis tomt for vatn – noko som har vedvart i tre veker. Vaktene våre henter vatn i bøtter, eller så sett dei bøttene ut for å bli fyllt av regnvatn i løpet av natta. Enkelte netter høyres det ut som det lyner og tordner inne i myggnettet vårt. Til og med Øystein treng ei hand å holde i då. Fremdeles dårlig med mat i området – merker det også på at fleire og fleire folk vil bomme pengar av dei rike ”muzunguane”. Hårde bud! Før vi drog på ferie såg vi oss nødt til å sparke den eine vaktmannen vår. Over lang tid har han til stadighet sneke til seg pengar ved å fortelle oss at ting er dyrare enn dei er, eller å unnlate å betale tilbake vekslepengar. Når han også stakk av med ein 50 kgs sekk med mais som vi skulle gi til ein av barneheimane såg vi ingen anna utveg enn å ”la han gå”. Ny vaktmann er tilsatt, han heiter sjølvsagt James (Sande til etternavn), og er ein knakande kjekk kar. Rotta veks stadig. Brutus er stadig på vift – sprer gener og plager eller dreper geitene til naboane våre. Benedicte måtte ”kjøpe ut” eit lite kje med brukke rygg etter herjingane hans. Dyr morro, 150 kr per drap. På jobb går ting i Sirup som vanlig. På Fisheries har dei den siste månaden berre hengt ut under eit tre, der dei fortel røvarhistorier om ”den gangen dei hadde sjef, og ikkje minst pengar til bensin”. Hos Øystein skjer det litt meir – eviglange mumle-møter, masing etter rapportar som uteblir og ein it-ansvarlig som stadig ødelegg datamaskina hans. Benedicte var djupt sakna medan ho var vekke. Det går framleis i malaria og unerernæring på det jamne. Skrik og skål dagen lang. Slik går no dagane. Beni som er ”the hardest working man in the jungle” ser fram til å komme ein tur heim.

B&Ø

Ingen kommentarer: