mandag 2. februar 2009

3 februar 2009

Vi er visst litt blogg-trøtte. Det tyder nok på at vi har komme godt inn i rutinane. Som heime er det ete, drite, jobb, lunch, jobb, ete, sove etc. Men det faktum at vi endå ikkje har kjøpt oss kort til parabol-antenna vår betyr nok at vi ikkje har tid til å kjede oss. Så kva har skjedd så langt i år?

Som vi har nemnt tidlegare så har vi fått oss ein ny ”bistands-hobby”; Det starta med at julegava vår til familiane våre var at vi ville støtte ein barneheim med mat gjennom månadane januar-mars då det er matvaremangel i Malawi. Det betyr ikkje at vi også er på slankekur, men for vanlige fattige folk betyr ei 4 dobling av prisen på ris og dobling av maisprisen enten ingen mat eller for lite mat. Ryktene har spredd seg til familie og venner, og deira gavmildhet har plutselig gitt oss ein del ekstra kroner å rutte med. Så frå no støttar vi tre barneheimar (dreve av Mlera Aids Support Organisation – ein Community Based Organisation – dreve at frivillige i ei landsbyklynge utanfor Nkhotakota) , ca 160 barn, desse månadane. Dette krev ein del organisering samt køyring for å hente mais, male opp maiskorn, utkøyring og koordinering av mat samt å kontrollere at barna får det dei skal ha. Så det er kjekt med stor bil og ei konemor som vi har utnemnt som sjefskoordinator. Styret i Mlera er i alle fall supertakknemlige!

Vi driv ikkje berre hjelpeorganisasjon. Forrige veke var vi så helige at vi fekk storbesøk frå Norge. To av mine tidlegare kollegaer, Lars Anders og Trond opp på flyplassen i Lilongwe saman med tre elevar frå Flora Vidaregåande Skule. Agendaen deira var å fornye vennskapsavtalen med Nkhotakota Secondary School, samt å auke it kompetansen hjå dei tilsette på It kafeen dei starta desember 2007. Eg har hatt full hyre gjennom veka med å vere med dei i møter, ta dei med rundt i Nkhotakota osv. Veldig kjekt med besøk frå Norge, men eg trur det kan ha blitt litt travelt for dei spesielt sidan det vert mykje inntrykk å fordøye på så kort tid. Eg for min del er ”tilvandt og avstumpa” og klar for neste pulje. Nokon som vil komme? Må jo legge til at siste døgnet tok eg dei med til ”syden”; det betyr ein bra lodge på ei nydelig palmebefengt strand kor dei fekk bloppe rundt i 29 graders vatn, medan huda fekk ei fin og frisk raudfarge. Det fekk utretta mykje på tida dei var her så det fortente dei!

Benedicte er også i full jobb for tida. Ho er stasjonert på barneavdelinga på sjukehuset, og på denna tida av året er det høgsesong for malaria og underernæring. Som oftest ligg det meir enn 1 pasient i hver seng. Malaria er ingen hyggelig sykdom for små barn, så av og til må vi gi Benedicte litt trøst etter jobb. Beni må også prate Chechewa kvar dag, så ho er etterkvart guruen vår der engelsken vår kommer til kort. (Ser ut som både eg og Ørjan har blitt med i ”drop-out” statistikken fra språkundervisninga vår). Funderer ellers på ein tur til Zanzibar i Tanzania ca midt i februar. Har for tida sterke snorkle/fridykkingsabstinensar som eg trur skal bli tilfredsstilt der..

Ingen kommentarer: