fredag 4. desember 2009

Til Norge igjen.















Har allerede vore heime i ein månad. Har funne ut at det her ikkje er like mange dagligdagse ting som er verdt å skrive om i bloggen. Eller er det bare eg som ikkje greier å plukke dei opp? Har i alle fall starta i ny jobb - men på samme arbeidsplass, dvs Flora Vidaregåande Skule. Jobber som arbeidslivskontakt og rådgjevar.

Har litt kontakt på mail og telefon med gutta i Linga Fishermen. Butikken går som det suser og det landast fisk i store kvantum. Det er texsas kvar ettermiddag når ein landar fisk. Det møter gjerne opp eit par hundre kjøparar og andre skuelystne for å sjå kva vi har fått, for å hente forhåndsbestilling eller for å sikre seg billig middag. Det vi ikkje sel ferskt, dvs litt av den minste fisken vert soltørka. Vi hadde tre soltørkingsstativ i bruk når eg drog i Oktober. Så det ser ut som vi greier å nedbetale lånet vårt i god tid innan planen og at vi forhåpentligvis greier å vidareutvikle drifta ytterlegare.


På bileta her ser vi først ein del av dei skuelystne som ventar på fisk på land. Deretter meg og Chilimba som sel fisk. Ufattelig kor kjekt det kan vere å lukte fisk! Deretter feirar vi (ikkje at vi lukkast å rømme fra fengselet, men) at vi hadde fått tak i nye uniformar kombinert med at eg skulle dra heimover. Det er også eit bilete frå fiske på sjøen.























Ingen kommentarer: