mandag 23. mars 2009

Siste nytt fra fronten:


Medan eg venter på bønner og ris til lunch tenkte eg å putte ut siste nytt frå KK:


a) Hovedveien til Lilongwe er ødelagt. Er det nokon som har ei bru til overs er dei velkomne. Myndighetene lar nemlig vente på seg.


b) Vi kan køyre ein omveg via Nkhotakota Game Reserve. Bilde nedanfor var tatt etter to dagar utan regn. I det siste har det regna daglig så ein må krysse fingrane og håpe at bilen ein er i er god for 30 km med gjørme.


c) Fredag 20. Mars fekk "trålar-reiarane" frå Nkhotakota omsider innvilga 6,3 millionar i lån (i NOK er det ca 320.000). Eit så stort lån frå ein bank i Nkhotakota er ikkje daglegdags - for å seie det slik vert Linga commercial fishermen and Boatbuilders eit av dei største private firma i Nkhotakota Boma. Vel og merke kjem ein ikkje til å vere operative med 25 tilsette og trålposen full av fisk før i Mai. Så på bildet nedanfor smilar vi berre fordi vi nett har blitt gjeldsslavar:-)


d) Øystein på sin "mean machine", 185 kubbiks muskel-moped - i full hyre med å skysse bønner og sukker til Mleras HQ.













Ingen kommentarer: